top of page

Kort om Elin G. Bjerkestrand

Eg elskar å skape og formidle, og håpar du blir både inspirert og velsigna!

Eg er født i 1971, sunnmøring, busett i Molde. I oppveksten sat eg ofte og såg på når far min måla. Det var til stor inspirasjon for meg, og eg tok mellom anna med meg inspirasjonen inn i arbeidet med kreative fag på skulen.

Dei første penselstroka tok eg først i 2004, inspirert av fargerike måleri i vennekretsen. Bestillingar frå venner og kjente har gitt meg motivasjon til å fortsette.

Den kristne trua mi har stor betydning for meg, og motiverer og inspirerer meg til å formidle, m.a. gjennom kunsten. Eg likar godt å bruke ord frå Bibelen og andre tekstar med kristent bodskap – nokre gongar ved å skrive tekst på måleriet, kombinert med fin struktur, gode fargenyansar og ev. eit motiv. Andre bilete vel eg å ikkje skrive tekst på, men gi ein tittel som eg skriv på baksida av lerretet. Eg likar også å måle intuitivt, og ikkje nødvendigvis ha eit konkret bodskap å formidle.

Hausten 2020 melde eg meg endeleg på eit online malekurs, med ønske om å lære nye teknikkar og få inspirasjon til å vidareutvikle meg. Også i 2021 deltok eg på eit online malekurs innen abstrakt kunst. Å delta på desse kursa har gitt meg ein spennande periode, som eg har fått stor glede av! Eg brukar framleis akryl, målar mest abstrakt, og elskar å bruke diverse mixed media (modelling paste, heavy gel medium, universalmedium, bister), for å få fram spennande strukturar. Variasjon og kombinasjon av teknikkar er kjekt!

 

Eg finn også inspirasjon i å sjå på flotte måleri, og gjerne observere mens eit måleri vert til. Det fantastiske skaparverket er også til stor inspirasjon.

Reiskapar og teknikkar eg brukar er mellom anna penslar og palettknivar i ulike størrelsar, svamp, sparkel, sjablongar (kjøpte eller sjølvlagde), silkepapir og handlagd papir. Eg målar sjeldan på store lerret pga. lite lagringsplass, men tek gjerne imot bestillingar i alle størrelsar!

20220709_Rut Karlstad_9571.jpg
bottom of page